Trondheim: Jonsvannsveien 46, kjellar.
Illustrasjonen under var ein del av saksdokumenta under rettssaka.
Den einaste vegen til kjellaren er også i dag den smale trappa midt i huset. På toalettet der nede fann huseigaren så seint som på 1990-talet pistolkuler i taket. Det er godt mulig å sjå for seg ein feststemt bandemedlem som står over skåla mens han fyrer av våpenet.
IX.
Hausten 1944 vart det bygd to små celler i rullebua i kjellaren. Dei hadde ei grunnflate på knapt ein og ein halv gong ein meter og var utstyrte med ein smal benk til å sitte på. Over døra var det bora små hol som ventilasjon. Cellene var ikkje laga for opphald over lang tid. Fangane vart oftast hente opp frå Misjonshotellet eller Vollan kretsfengsel om kvelden og returnert om morgonen.
X.
Natt til 26. april 1945 vart tre menneske drepne i Jonsvannsveien 46. Den første var Dagfinn Frøyland. Den illegale telegrafisten hadde sete som fange i ei av cellene i rullebua. Han vart henta ut og likvidert, trulig av Karl Dolmen.
XI.
Den tidligare bandemedlemmen Marie Arentz vart bedøvd med koloroform i første etasje, kledd naken, frakta ned trappa og hengt i kjellaren. Liket vart lagt i det såkalla Bandeklosteret.
XIV.
I det største rommet i kjellaren hadde Else Tambs Lyche drive barnehage før okkupasjonen. I oktober 1943 starta Rinnanbanden med det tyskarane kalla «skjerpa forhør» her, altså tortur. Omtrent eitt år seinare vart det bygd ein bardisk og lokalet vart innreidd som bodega. Det var da namnet «Bandeklosteret» kom i bruk. Men stadig vart nye fangar mishandla der nede.
Natt til 26. april 1945 vart Bjørn Bjørnebo tatt med ned i kjellaren og vist liket av kjærasten Marie Arentz. Så vart han sjøl skoten.
Neste dag vart det bestilt tre kassar frå Misjonshotellet, men desse var for små og lika var blitt stive og måtte parterast. Kassene vart tatt om bord i ein båt som skulle frakte folk til ein rassia i Flatanger. Undervegs vart kassane dumpa i havet.
Etter krigen tok Else Tambs Lyche igjen rommet i bruk som barnehage.
|