1943: <<< Prinsens gate 37 --- 1943: Jonsvannsveien 46 >>>
Trondheim: Olav Tryggvasons gate 1
Fleire av agentane frå Sonderabteilung Lola brukte som kamuflasje at dei var omreisande handelsmenn, til dels også forsikringsagentar. Det mest brukte firmaet til dette formålet var Trøndersalg.
Sommaren 1942 fekk Lola-agenten Harry Rønning i oppgåve å etablere eit firma med kontor i andre etasje i Olav Tryggvasons gate 1. Det ser ikkje ut til at han dreiv reell handelsverksemd av noko omfang. Kontoret og telefonnummeret 1001 var ein rein dekkoperasjon for kontakt med negative agentar.
(Foto: Idar Lind 2009. Kart: Bruns kart over Trondheim 1940.)
|